Categories
nyheter

Utstillingsåpning: Hordnesskogen – opplevd innanfrå

UTSTILLINGSOPNING
Hordamuseet sundag 19. februar kl. 16.00
 
I Hordnesskogen – omtalt i skriftlege kjelder tilbake til 1700-talet – kan vi oppleve ulike landskapstypar og stort artsmangfald. Dei fleste som oppsøker skogen ruslar eller spring på det gode turvegnettet frå seinare år, men dersom vi tar av frå turvegane og går innover på ein av dei mange fine naturstiane, opplever vi skogen «innanfrå».
 
Vi er med eitt inne i eit vakkert og gamalt skogslandskap som varierer mens vi går – frå open naturskog til poetiske myrdrag og område med gamalskog. Her står furuer av høg alder – opptil 200 år gamle – nokre med svære trekruner. Og vakre «trollfuruer». Vi kjem til små og intime rom i skogen – og til store salar med vidt utsyn. Skogen er omkransa av historieforteljande kulturlandskap, der vi kan sjå spor frå livet i området i tidlegare tider. Ei slik blanding av gamal naturskog og kulturlandskap er sjeldan å finne nær ein stor by.
 
Utstillinga står ved Hordamuseet til 18.juni. Den er sett opp etter initiativ frå Samrådingsgruppe Stend
og viser Hordnesskogen opplevd gjennom foto av Dagfinn August Hole med tekstar av Kari Øvsthus.
 
Praktisk for dagsprogrammet 19. februar:
Du kan kjøpe enkel varm mat ved kafeen i Hordamuseet i samband med utstillingsopninga.
Aktuelle nettlenker ved museet:
http://www.bymuseet.no/vaare-museer/hordamuseet/aktiviteter/2017/february/19/hordnesskogen-opplevd-innanfraa/
http://www.bymuseet.no/museumsbutikker-og-kafeer/hordamuseet-kafe-og-museumsbutikk/
VELKOMMEN!
For spørsmål vedk. utstillinga, ring gjerne 975 00 127 (Kari), 922 02 285 (Dagfinn) – eller send epost til Stend.INFO@gmail.com